Skole og arbeidsdrift

Samarbeidet mellom skolen i fengsel og arbeids- og aktivitetstilbodet i kriminalomsorga er ein av dei viktigaste føresetnadene for at innsette skal få eit reelt yrkesfagleg kvalifiseringsløp under straffegjennomføringa.

Eit felles kvalifiseringsoppdrag

Arbeids- og aktivitetstilboda utgjer den største daglege aktiviteten for innsette i norske fengsel, med produksjonsverkstader innan mellom anna tre, metall, tekstil og handverk, i tillegg til kjøkken, vaskeri, reinhald og vedlikehald. I verkstadene arbeider tilsette med yrkesfagleg kompetanse, mange av dei med pedagogisk tilleggsutdanning.

Når skolen og fengsla samarbeider tett, kan arbeidstida reknast som opplæring og ikkje berre som aktivitet. Det gjev grunnlag for kompetansebevis, modular i modulisert yrkesutdanningar og etter kvart fagbrev. Fleire verkstader er godkjende som lærebedrift, slik at innsette kan teikne lærekontrakt og gå opp til fagprøve i soningstida. Rundskriv G-02/2024 legg til rette for at arbeidsdrifta kan styrkje rolla si som lærebedrift.

For skolane i fengsel inneber dette at planlegging av opplæringstilbodet må skje saman med fengselet, og at arbeids- og aktivitetstilboda blir ein læringsarena på line med klasserommet.

Satsing på arbeids- og aktivitetstilbodet

Kriminalomsorgsdirektoratet har over lang tid arbeidd for å utvikle arbeids- og aktivitetstilboda til innsette. «Strategi for utvikling av kriminalomsorgens arbeidsdrift (2015–2018)» la vekt på at aktivitetstilbodet skal vere kvalifiserande, og at det skal byggje på eit forpliktande samarbeid med opplæringssektoren.

I dei seinare åra har Kriminalomsorgsdirektoratet arbeidd for å integrere arbeids- og aktivitetstilboda i Verksemdsstrategi for kriminalomsorga.

Modulstrukturert yrkesfagleg opplæring for vaksne

Modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne (MFY) deler opplæringa i avgrensa modular som kan takast enkeltvis og dokumenterast undervegs. Saman med retten vaksne har til vidaregåande opplæring fram til fullført kompetanse, og med realkompetansevurdering som verkemiddel, endrar dette føresetnadene for opplæring i fengsel.

Modulstrukturen svarer på fleire av dei særlege utfordringane i kriminalomsorga:

  • Korte og uvisse opphald. Mange innsette har for kort tid att til å fullføre eit heilt lærefag, men kan rekke ein eller fleire modular med dokumentert resultat.
  • Overføringar mellom fengsel. Når kompetansen er dokumentert modul for modul, kan opplæringa haldast fram ved neste skole i staden for å byrje på nytt.
  • Overgang til fridom. Dokumenterte modular kan takast med vidare til vidaregåande skole, til ei lærebedrift eller inn i eit NAV-løp etter lauslating.

For samarbeidet mellom skoleverket og fengselet betyr dette at arbeidspraksis i fengsel må knytast direkte til modulane i læreplanane, at vurdering og dokumentasjon må skje samtidig med produksjonen, og at skolen og arbeidsdrifta må planleggje opplæringsløpet i lag frå første dag av soninga. Det føreset felles møtepunkt, felles forståing av kompetansemåla og rutinar som held oversikt over kva den enkelte har fullført.