Erfaringar og verktøy til hjelp i gjennomføring av modulstrukturerte læreplanar

Her er oppsummerte erfaringar og verktøy som kan vere til hjelp i gjennomføringa av modulstrukturerte læreplanar, utarbeidde for kriminalomsorga og for skolar med ansvar for opplæring innanfor kriminalomsorga. Dokumentet er i samsvar med ny opplæringslov og forskrift, gjeldande frå 1. august 2024.

Faksimile opplæringslova

Statsforvaltaren i Vestland oppretta ei arbeidsgruppe med mandat til å utarbeide dokumentet. Vi håpar og trur at partane kan hente inspirasjon og drahjelp i det arbeidet som må gjerast for å tilpasse opplæringa til det nye regelverket for modulstrukturert yrkesfagleg opplæring for vaksne.

Dokumentet finn du nedanfor, saman med aktuelle hjelpedokument og lenkjer.