IKT for innsette

Fylkeskommunane skal i samsvar med opplæringslova tilby opplæring på grunnskolenivå og vidaregåande nivå til innsette som har rett og plikt til opplæring. Digital infrastruktur er ein føresetnad for at dette skal la seg gjennomføre i praksis.

Rettsleg grunnlag

Straffegjennomføringslova § 4 pålegg kriminalomsorga, i samarbeid med andre offentlege etatar, å leggje til rette for at innsette og domfelte får dei tenestene lovgjevinga gjev dei rett til. Retningslinene til lova presiserer at domfelte og innsette, med dei avgrensingane som følgjer av fridomsstraffa, har same rett til tenester og tilbod og dei same pliktene og det same ansvaret som befolkninga elles. Kriminalomsorga skal leggje til rette for at dei samarbeidande etatane kan yte dei lovbestemte tenestene sine, og for at innsette får del i desse tenestene.

Ansvarsdelinga mellom etatane er regulert i rundskriv G-02/2024 om forvaltningssamarbeid mellom opplæringssektoren og kriminalomsorgen, gjeve av Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Rundskrivet avløyser G-1/2008.

Opplæringa innanfor kriminalomsorga skal vere likeverdig med opplæringstilboda i det ordinære skoleverket, og skal vere i samsvar med opplæringslova og forskriftene til henne.

Desktop for skolen (DFS)

Kriminalomsorgsdirektoratet tilbyr ei IKT-løysing til bruk for skuleverket i opplæringa av innsette. Løysinga heiter Desktop for skolen (DFS) og er eigd og drifta av Kriminalomsorgsdirektoratet.

Målsetjinga med løysinga er todelt. Ho skal gje opplæringssektoren høve til å gjennomføre opplæring med bruk av IKT i tråd med gjeldande regelverk, og samstundes dekkje kriminalomsorga sitt behov for tryggleik.

Ei sentralisert desktopløysing krev ein større grad av standardisering, der autonomi og lokale val av læremiddel blir reduserte for å sikre ei stabil løysing som er mogleg å drifte forsvarleg. Innhaldet i DFS, og tilgangen til dette, er avgjerande for at skoleverket skal kunne oppfylle oppgåvene sine i samsvar med gjeldande regelverk.

Utvei

Utvei er ei tilpassa skoleplattform for opplæring innanfor kriminalomsorga, utvikla i fellesskap av kriminalomsorga og opplæringssektoren. Namnet speler på både den digitale vegen ut til læringsressursar og målet om ein veg ut av kriminalitet.

Bakgrunnen for arbeidet er at DFS ikkje dekkjer krava til innhald og funksjonalitet verken frå opplæringssektoren eller frå kriminalomsorga. Det teknologiske etterslepet i fengselsskolane gjev innsette eit reelt rettstap. Utvei skal dekkje skoleeigarane sitt behov for digitale verktøy til å oppfylle retten til opplæring i samsvar med læreplanverket, samtidig som tryggleikskrava i kriminalomsorga blir haldne.

Kva løysinga er

Utvei er ei skybasert løysing. Brukarane møter ein Windows klient med Office 365, der Microsoft Teams for Education står sentralt både som kommunikasjonskanal mellom lærar og elev og som læringsverktøy. Løysinga gjev tilgang til eit avgrensa tal kvitelista nettstader med full funksjonalitet, og til fleire nettstader med lesetilgang. Ho inneheld òg lese- og skrivestøtte, noko som er særleg viktig i ei elevgruppe med høgare førekomst av lærevanskar enn i det ordinære skoleverket.

Tryggleiken er ivareteken gjennom kontroll av kommunikasjon, søk i internettloggar og kontinuerleg skjermopptak.

Status i arbeidet med Utvei

Utvei blei pilotert ved Agder fengsel våren og hausten 2024. Den felles evalueringa hausten 2024 konkluderte med at systemet dekkjer grunnleggjande funksjonalitet for opplæring, og at det oppfyller kriminalomsorga sine krav til kontroll og tryggleik.

Løysinga er no i bruk ved fire fengsel:

Agder fengsel, avdeling Mandal
Indre Østfold fengsel, avdeling Eidsberg
Bergen fengsel
Vik fengsel

Prosjekteigarar er Kriminalomsorgsdirektoratet og Utdanningsdirektoratet. Vestland fylkeskommune koordinerer arbeidet med IKT i opplæring innanfor kriminalomsorga på vegner av alle skoleigarane.

Vegen vidare

Målet til Kriminalomsorgsdirektoratet, Utdanningsdirektoratet og skoleeigarane er at Utvei skal vere innført ved alle norske fengsel.